Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Forord

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Arkivplanan for Ål kommune er utarbeida etter krav i arkivlova, kommunelova, offentlegheitslova, forvaltningslova, personregisterlova og etter NOARK 5 standaren.

Arkivlova § 6: ”Offentleg organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna slik at dokumenta er trygga som informasjonskjelder for samtid og ettertid”

Arkivforskrifta § 2-2 : Eit offentleg organ skal til kvar tid ha ein ajourført samleplan, ein arkivplan, som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva sags instruksar, reglar, planar m.v. som gjeld for arkivarbeidet.

Arkivplanen sitt føremål er kvalitetssikring av arkivfunksjonen i kommunen.

Arkivplanen sitt føremål er kvalitetssikring av arkivfunksjonen i kommunen og ansvaret for planlegging, styring og gjennomføring av den praktiske dokumenthandsaminga (arkivdanninga). Forvaltninga av dokumentasjonen (bevaringa) ligg til arkivtenesta.

Alle tilsette i Ål kommune som arbeider som sakshansamarar eller kontorutinar pliktar å gjere seg kjent med desse retningslinene.
Alle saker som blir handsama politisk eller admistrativt i kommunen, skal følje dette reglementet og bli bygd opp etter vedteken mal for saksframstillng

Arkivplanen gjeld for alle verksemder i Ål kommune, både manuelle og elektronisk dokumenthandsaming. Alle nytilsette i kommunen skal få informsjon om kvar dei finn Arkivplanen.

Retningslinene i dette dokumentet blir gjort gjeldande som eit internreglement.

 

Oppdatering av arkivplanen

Arkivplanen skal ajourførast ein gong i året eller når det er endringar i organisasjonen, eller endringar i rutinar i sak/arkivsystemet. Ansvaret for dette arbeidet er hos arkivansvarleg. Innspel til endring av arkivplanen skal leveres til arkivleiar